23.02.2018 21:47 Tilbake til nyheter

Vidareføring av pelsdyrnæringa

Rogaland KrF ser med sterk uro på regjeringspartia si beslutning om å avvikle pelsdyrnæringa fram til årsskiftet 2024/2025. Beslutninga var uventa på bakgrunn av tidlegare vedtak, og råkar ei betydeleg næring i norsk landbruk, uttalar fylkesårsmøte i Rogaland KrF.
Bilde av scene fra salen
Rogaland KrF har dyrevelferd i fokus, og meinar at Norge må kunna ha ei pelsdyrnæring som rettar seg etter dei strenge reglane for dyrevelferd som no er etablerte.

Pelsdyrnæringa har retta seg etter vedtaket Stortinget gjorde i Januar 2017, då det vart vedteke å vidareutvikla ei bærekraftig pelsdyrnæring i Norge, med strenge retningslinjer for dyrevelferd. Næringa har hatt, og må ha sterkt fokus på dyrevelferd ut frå gjeldande retningslinjer. Mattilsynet har gode system for varsla og uvarsla tilsyn. 

Næringa er utsett grunna det som kan oppfattast som useriøse aktørar. Rogaland KrF meiner konsekvensane ved avvikande drift må bli kraftigare.  Drift som ikkje er i tråd med regningslinene – må avsluttast. Då er det ikkje grunnlag for å avvikla ei seriøs næring med lange tradisjonar i regionen.

Det er totalt 73 oppdrettarar i Rogaland. Fleire av oppdrettarane har etablert seg nyleg på bakgrunn av dei politiske signala som har blitt gitt. Oppdrettarar har investert i nye farmar i tillit til politisk vedtak. Pelsdyr er ofte ei tilleggsnæring som gjer det mogeleg å vera fulltidsbonde på gardar som ikkje har areal nok til anna produksjon. Siste tal frå Rogaland viser at det var 143 årsverk innan primærleddet i denne næringa.

Pelsdyrnæringa har som all anna næring ringverknadar. Pelsdyrfôr nyttar restprodukt frå produksjons- og foredlingsanlegg for landbruk og fiskeri. I staden for å vera unyttig avfall vert restprodukt som ikkje kan nyttast til menneskemat nytta til dyrefôr, og i staden for å representera ein utgiftspost, vert restprodukta ressurs i anna næring. Vidare ringverknadar som arbeidet med pelsing, bygg, innkjøp av tenester m.v. er ikkje rekna på, men om ein konservativt anslår at kvart årsverk i næringa fører til to årsverk som ringverknad, vil den totale verdiskapinga i pelsdyr for Rogaland ligge på 430 årsverk.

Det vil ha store konsekvensar, både menneskeleg og økonomisk for oppdrettarane og for kommunane der oppdrettarane bur, om ein skal leggja ned ei næring som har retta seg etter tydelege politiske signal.

Rogaland KrF har dyrevelferd i fokus, og meinar at Norge må kunna ha ei pelsdyrnæring som rettar seg etter dei strenge reglane for dyrevelferd som no er etablerte.